Høyringssvar på tilbodsstruktur vgs Sunnhordland

Rubbestadneset

Bømlo Næringsråd sende før helga høyrigngssvar på forslag til heilskapleg tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune.

Oppsummert er me nøgde med at linjetilbodet på Bømlo vgs stort sett er foreslått vidareført som i dag, men me er uroa over at kreative linjetilbod vert fjerna frå regionen, og at tilbodsstrukturen ikkje opnar opp for fleire linjer med lågare oppfyllingsgrad i åra framover. Høyringssvaret vårt i sin heilskap kan du lese her.

Høyringssvar på forslag til heilskapleg tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune

Viser til «Høyringsforslag til heilskapleg tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune», og foreslått tilbodsstruktur av linjetilbod innan vidaregåande opplæring på Bømlo og i Sunnhordland. Her følgjer vårt høyringssvar.

Næringslivet i Sunnhordland eksportere varer og tenester for fleirfaldige milliardar i 2023. Berre Bømlo aleine eksporterte for omlag 4 milliardar kroner. Ein av grunnane til at me lukkast med dette, er utdanning av relevant kompetanse, tett på, og i samarbeid med, næringslivet (Bømlomodellen). Bedriftene i kommunen har vakse og utvikla seg i stor grad gjennom tilgang til lokalt utdanna fagfolk, og fleire er i dag verdsleiande på sine område. Me ser at lokale utdanningstilbod er attraktive hos ungdommen, og opplever at den vidaregåande skulen på Bømlo i stor grad er dimensjonert i høve næringslivet sine behov. Det er difor gledeleg å sjå at tilboda ved Bømlo vidaregåande skule vert vidareført i høyringsforslaget til heilskapleg tilbodsstruktur.

Ein ting som uroar oss er at dei kreative linjene vert fjerna frå tilbodsstrukturen i regionen. Dette er linjer størstedelen av næringslivet ikkje har direkte bruk for, men som er svært viktige for å motivere fleire elevar til å fullføre vidaregåande opplæring, og ikkje minst gjer oss til ein meir attraktiv bu- og arbeidsregion. At ungdommane våre som ønskjer ei kreativ retning på vidaregåande skule kan ta denne i regionen, og bu heime lengst mogleg, betyr òg at me i næringslivet får ha ungdommane tett på nokre år til. Då har me framleis moglegheit å ha kontakt med dei lokalt, og vere med å inspirere dei til å velgje utdanningar der me kan tilby jobb når dei er ferdige på skule. Me aukar òg sannsynet for å få heim kompetanse som kan vere med å vidareutvikle det rike kulturlivet me har i regionen. Me ber difor om at desse tilboda ikkje vert fjerna frå regionen slik det er foreslått i høyringsforslaget.

Framskrivingane til SSB peikar på færre elevar framover, samstundes som arbeidslivet på Bømlo vil fortsetje å vere variert og allsidig. Arbeidslivet omstiller seg og brukar ny teknologi for å arbeide meir effektivt med færre ressursar, men me treng likevel ein stor variasjon i kompetanse som følgje av det varierte næringslivet. Me trur difor at framtida vil krevje fleire klassar med lågare oppfyllingsgrad enn i dag, tett på der eleven bur, for å levere rett kompetanse til eit variert arbeidsliv, og samstundes auke sannsynet for at elevar gjennomfører utdanninga. Dette bør framtidig tilbodsstruktur gje større rom for enn kva som ligg i forslaget per i dag.

Me veit at gode og breie utdanningstilbod kostar pengar. Men avkastninga samfunnet vil få for å investere desse pengane i Sunnhordland, vil gje oss kompetanse og rammer me treng for fortsatt å vera ein attraktiv bu- og arbeidsregion med høg verdiskaping og stor eksport framover. Og med dei verdiane næringslivet på Bømlo og i regionen har å vise til, vil det vere av stor verdi å legge til rette for gode og varierte utdanningstilbod i regionen i åra framover òg, slik at me kan vere med å generer høge inntekter til AS Noreg i framtida òg.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no