Næringsrådet på besøk hos Zinus
Styret til Bømlo Næringsråd vil framover ha styremøter hos ulike bedrifter, der ein får ein bedriftspresentasjon før styremøtet startar. Haustens første styremøtet vart hos Zinus AS på Rubbestadneset, der dagleg leiar Endre Eidsvik starta møtet med å fortelje om bedrifta.
- Zinus AS vart etablert i 2018 på Bømlo. Selskapet vart starta av LOS Gruppen, som fortsatt er hovudeigar. Bedrifta er leiande innan kabelhandsamingssystem for å kople skip til landsstraum. Me driv med alt i frå produktutvikling, software- og mekanisk design, noko produksjon, samanstilling, montering, sluttkontroll, oppstart, service og vedlikehald, fortel Eidsvik.
Selskapet tel i dag 34 tilsette lokalisert på Rubbestadneset, og dei har store vekstplanar for åra framover. Fram til no har den nasjonale marknaden vore hovudmarknaden, men vidare framover ser dei føre seg å få enno større fotfeste på den internasjonale marknaden. Dette løyser dei med globale servicenettverk med partnerar som kan håndtere service og vedlikehald i andre land. - Me har allerie hatt leveransar i land som Danmark, Singapore, Canada og USA.
Til slutt trekk Eidsvik fram at arbeidet som næringsrådet gjer med å tiltrekke seg kunnskap og kompetanse er viktig, og blir enda viktigare i åra som kjem, då dei er ei av fleire lokale bedrifter som kjem til å trenge fleire flinke folk for å håndtere veksta dei har målsatt seg for åra som kjem.
Me takkar Zinus for godt vertskap, og ikkje minst for at dei er ein god støttespelar til næringsrådet sitt arbeid!
Siste nyhende
Siste nyhende frå bedriftene på Rubbestadneset.
Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!