Næringsrådet på besøk hos Embicon

Rubbestadneset

Styremøtet for august vart halde hos Embicon, som held til på Kompetansegården i Rubbestadneset. Her fekk styret bli betre kjend med bedrifta som vart kåra til vinnar av næringsprisen for 2023 på årsmøtet i mars.

embicon pris vegg.jpg

Næringsprisen hengande på veggen.

Selskapet er ei teknologibedrift som leverer teknologi for eit meir berekraftig maritim næring. Selskapet utviklar ny teknologi sjølv, og set ny og eksisterande teknologi saman for å gje høgast mogleg verdi for kundane. Dagleg leiar Lars Magne Endresen tok styret med rundt i lokalene for å fortelje meir inngåande om produksjonen.

embicon.jpg

Bedrifta er godkjent lærebedrift, og den første tilsette i full stilling i tillegg til dagleg leiar, var ein lærling. Selskapet har vakse til eit selskap med sju faste stillingar, utdannar lærlingar i automatikarfaget, har regelmessige kandidatar på jobbtrening frå NAV. Dei er no på jakt etter enda ein ny tilsett som skal jobbe med både prosjektering, fag og inn mot kundar.

avskjed nina.jpg

Styremøtet var Nina Ingvaldsen sitt siste som dagleg leiar, og Mari Pedersen Totland vart konstituert som leiar frå 1. september. Ved slutten av styremøtet vart Nina takka av for den gode innsatsen ho har gjort for næringslivet på Bømlo i over 7 år.

Styret takkar Embicon for den varme velkomsten, og ønskjer næringsprisvinnande lukke til vidare med suksessen.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no