Fylkespolitikerar og representantar fra næringslivet samla på Bømlo vid. skule

Rubbestadneset
Foto: Deler av Opplæringsutvalet saman med lokale repr. fra næringslivet på omvisning.

Fylkespolitikerar på vitjing til Bømlo vid. skule, avd. Kunnskapssmio.

Ein delegasjon på 20 stk.,beståande av fylkespolitikarar fra opplæringsutvalet og fylkesadministrasjon vitja i går Kunnskapssmio. Dei fekk møte repr. fra Bømlo vid. skule, elevar og lærerar samt fleire representantar for næringslivet på Bømlo.

Rektor.jpg

Rektor Tor Inge Kaldstad orienterer om skuleresultat.

92,7 % av Elevane gjennomfører vid. opplæring på Bømlo.

Det var ein stolt rektor Tor Inge Kaldstad opna med å presentere resultata for skulen på Bømlo, som er svært gode. Bømlo vid. skule scorar høgt både på gjennomføring og på trivsel og miljø. Karakterutviklinga har gått fra 3,94 i snitt skuleåret 2018/2019 til høge 4,35 i skuleåret 2024/2025. Noko som tyder på eit særs godt læringsmiljø. 92,7 % av elevane på vid. skule i Bømlo fullfører, målet er å nå 94%.

Rektor nytta også høvet til å fortelje om det tette samarbeidet mellom skule og næringsliv, noko som kjenneteiknar Bømlomodellen. Det at næringslivet er tett på og tek inn elevar tidleg på utplassering og tilbyr læreplassar gjer at me får eit betre tilbod tilpassa behovet for kva arbeidskraft næringslivet treng, fortel rektor.

Politikerane fekk omvisning og møte elevar og lærerar, samt våre lokale repr. fra næringslivet.

Elevar fra vg2 helse og fra påbygg avd. Leite hadde også tatt turen, for å syne fram sitt arbeid og for å framsnakke skulen dei går på. Dei fekk også treffe elevar og lærerar på elektro og automasjon og på maritim. Beskjeden fra elevane er at dei ynskjer seg to klassar med vg3 automasjon til hausten, det er to vg2 klassar i dag på automasjon og kun ein vg3 klasse. Det er viktig å dimensjonere tilbodet rett, slik at me kan få fullføra utdanninga på Kunnskapssmia, var beskjeden til fyklespolitikerane fra elevane.

Næringslivet og skulen kjempar for vg2 Industrimekanikar linja.

Det er mange verksemder på Bømlo som melder inn at ein har behov for industrimekanikarlærligar i framtida. Ingen av elevane hadde dette som førsteval i år. Vg2 Industrimekanikar er ikkje nedlagt men for å oppretthalde dette tilbodet til hausten er ein avhengig av at fleire av elevane vel denne linja.

Dei ulke representantane fra næringslivet nytta tida godt under omvisniga og fekk informert fylkespolitikerane om viktigheten av å ha eit rett utdanningstilbod til elevane tilpassa næringslivet.

Ein særs velutstyrt moderne skule, imponerte fylkespolitikerane.

Fylkespolitikerane me prata med er mektig imponert over skulen, utstyret og ikkje minst det tette samarbeidet med næringslivet, noko som er ganske unikt for Bømlo. Det manglar ikkje på moderne utstyr i Kunnskapssmia. Ein ny motorlab er på plass, der elevane får lære korleis moderne motorar fungerar, med både batteri og diesel drift, der Finnås Kraftlag har vært med. Skulen har nå fått på plass eit nytt simulator rom der det er ti simulatorar, dette skal også Wartsila bruke når dei kursar sine ansatte. På golvet i verkstaden står det ein flott hjelpemotor fra Napier. Bremnes Seashore har vært og er tungt involvert på aqua linjene.

Simulator.jpg

Det nye simulatorrommet

Det er viktig at elevane har tilgong på moderne utstyr som ein brukar ute i verksemdene, slik vert dei betre rusta til å møte dagens krav i arbeidslivet.

Me håpar at politikerane i opplæringsutvalet i Vestland fylke fekk med seg det klare bodskapet fra elevar,lærerar og nøringsliv på Bømlo.


Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no