bluesystems nytt medlem hos NMEC

Rubbestadneset

Dagleg leiar Michael Conrad ser fram til samarbeid med andre medlemsbedrifter i NMEC.

I januar vart bluesystems AS medlem av NMEC. bluesystems er ei verksemd som leverer eit bredt spekter av IT-tenester, med særleg fokus på digitalisering av maritime operasjonar. Bedrifta er spesialisert på drift av IT-system, utvikling og drift av programvare og utvikling av ROV-teknologi innan maritim bransje og havbruk.

bluesystems er eit selskap under utvikling, som har gått frå å vere eit IT-driftsselskap, til å bli ein programvareleverandør og leverandør av teknologiløysingar retta mot maritim industri, fortel dagleg leiar Michael Conrad. – Me ønskjer å vere eit ekstra tilbod til kundar ved kai på Rubbestadneset, og har samstundes eit sterkt ønskje om å vere ein partnar i utviklingsprosjekt for å utvikle nye løysingar saman med industrien.

bluesystems ser store fordelar med å bli med i NMEC-samarbeidet_. – Gjennom medlemsskapet har me forventningar til å utveksle kompetanse med dei andre medlemmane gjennom spanande utviklingsprosjekt, og kunne dra nytte av kvarandre sine nettverk for å utvide forretninga vår,_fortel Conrad.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no